BARNAS KVARDAG
I tillegg til museum og utstillingsbygg har arkitektur som kulturformidlar hatt ei svært viktig rolle i form av skulebygg. Frå å vere bastionar med tradisjonelt arkitektonisk utstyr for si tid tidleg i hundreåret, har skulearkitekturen endra seg i retning samankopling av låge paviljongar som i større grad korresponderer med kroppsstorleiken til brukarane. Slik distribusjon av funksjonar skaper også skjerma og tryggleiksfremjande uterom med tunverknad.
Steinerskulane var tidleg ute med slike arki-tektoniske løysingar, slik vi til dømes ser det i Steinerskolens barnehage på Storetveit utanfor Bergen, teikna av Arbeidsgruppen Hus i 1981 (fig. 297). Skulen er utforma som eit irregulært eventyrhus med tilløp til ornamentikk frå vikingtida, der ulike romstorleikar og passasjar er meinte å stimulere verketrongen, kreativiteten og utviklinga til barna. Ti år seinare teikna dei same arkitektane i samarbeid med interiørarkitekt Kjell Grimsæth Steinerskolen og Steiner- barnehagen i Stavanger, utforma som ei samling modular som kan byggjast ut i etappar. Varierte vindaugsformer og overraskande romforløp har her resultert i eit stimulerande miljø med god kontakt mellom inne og ute.